Støylsdal: Setesdals fyrste dataspel

Dalen der trolldom møter fornuft

Lauvdalsheia

Støylsdal er dalen rett sør for Grimsand, den nordlegaste byen i landet Søreg, som igjen ligg lengst sør i verdsdelen Skogsropa på den sørlege halvkula av planeten Vassgard. I dette universet skal etter planen dei fyrste dataspela til det byglandsbaserte selskapet Spelgarden finne stad.

Heilt nedst i artikkelen kan de lese kort om forteljinga og universet i spelet Støylsdal, men fyrst noko informasjon om kven eg er og kven eg treng å ha med på laget for å realisere dette.

Kven eg er

Targeir Attestog

Eg heiter Targeir Attestog og er busett på Lauvdal i Bygland. Der er eg nesten kvar helg og i feriar, men på arbeidsdagar er eg i pendlarbustad i Grimstad eller på arbeid i ei fullstilling som programvare-utviklar hos Cognizant i Kristiansand. Eg har master i IKT frå 2013 og har nettopp levert inn masteroppgåve i industriell økonomi om studententreprenørskap. Begge gradane har eg teke på Universitetet i Agder sin campus i Grimstad. Når eg har hatt pause frå skriving av den siste masteroppgåva, har eg hygga meg med å skrive forteljingar om fantasi-universet Støylsdal. Idéane kom allereie mens eg var på utveksling i München i 2016/17 og sprang rundt i nærmast endelause statsskogområde sør for storbyen og fekk heimlengsel av badeturar i innsjøane Starnberger See og Ammersee.

Spelprosjektet Støylsdal og etterfølgjande spel- og teikneserieprosjekt kjem til å bli kommersiell side-aktivitet, som eg kjem til å drive med på fritida utanom fulltidsjobben i Kristiansand. Eg treng derfor hjelp av andre til å realisere ønskjet mitt om å sparke i gang dataspelnæringa, men også den kreative og kunstnariske næringa generelt, i Setesdal.

Teiknarar, musikarar og andre som er interesserte i å vere med

Berre så det er klart: Dei som bidreg i dette, skal få betalt honoraret dei fortener for arbeidet dei legg i det. Det skjer ved timelønn eller eigna påskjøning. Dette blir me einige om i samtalar der me planlegg arbeidsoppgåvene i prosjektet.

Dei eg er mest ute etter no, er folk som kan teikne i dei gode, gamle to dimensjonane, som ein kjenner til frå papir og lerret. Spelet skal nemleg bli ein interaktiv teikneserie, der spelet kan tek vala for den styrte rollefiguren i forteljinga. Kva slags val som blir teke, har følgjer for utviklinga og slutten på forteljinga i spelet. Det fyrste spelet skal etter planen vere på tre episodar, som kjem ut månadleg. Det er sterkast behov for bakgrunnsteiknarar, som kan teikne natur-, bygde- og småbymiljø, men eg ønskjer også kontakt med folk som kan teikne menneske (også huldrer), dyr og maskiner.

Spelaren skal kunne velje mellom ulike som forteljinga kan gå. (Bilete frå Perlacher Forst i München, teke av Targeir Attestog)

Dessutan treng eg folk som kan komponere musikk. Eg har ikkje heilt tenkt gjennom spelet enno, men trur det blir bruk av folkemusikk (og musikk inspirert av det), country(/-rock) og moderne klassisk, men eg ønskjer også å prate med folk som er aktive innanfor andre sjangrar.

Eg kjem til å programmere og skrive sjølv, men vil gjerne at korrekturlesarar omsetjarar tek kontakt. Spelet skal kome ut på nynorsk, britisk engelsk og tysk, så eg treng spesielt hjelp med framandspråka. Viss du har greie på spel- eller nettprogrammering er også interessert i ein prat med deg, i alle fall for framtidige prosjekt.

Interessert? Kontakt meg på e-post targeir@spelgarden.no eller telefon (+47) 47 38 72 32. Ring helst mellom klokka 17 og 23 på kvardagar, men gjerne når som helst på dagtid i helgene.

No følgjer innblikk i utgangspunktet for det fyrste spelet.

Huldrer, teknologi og spionasje

I Støylsdal er dei fleste innbyggarane huldrer, som er menneske med hale, som dei kan bruke til å sende og motta tankar. Dei lever i eit høgteknologisk fantasi-univers, der tankar møter elektroniske data speler i lag. Året er 2109, men tidsrekninga startar frå ei anna hending enn den me feirar jol for i vår verd i dag. I denne futuristiske verda er det framleis utfordringar i bruk og tryggleik rundt teknologi, som kjem ekstra tydeleg fram i den fyrste spelforteljinga, der handlinga er om spionasje i ein heilt vanleg kommuneadministrasjon.

Skisse av Ragnhild Frost, hovudfigur og tilflyttar i Støylsdal. (Treng hjelp til ferdig teikning.)

Støylsdal består av fire herad/kommunar frå nord til sør: Hornevje, Rugland, Vallborg og Lykle. Mesteparten av handlinga i det fyrste spelet skal skje på Rugland, senteret for heradet med namn og i nabobygda Kattedal. Forteljinga startar med at Ragnhild Frost, ei fjellrevhulder som nettopp har flytta til Kattedal, startar på jobb som nettprogrammerar og arkivar i Rugland herad. Der får ho vite at alle dei gamle tilsette i data- og arkivavdelinga slutta i jobben sin for noko over ein månad sidan, og det er opp til henne og dei andre nytilsette å få på plass nytt og ryddigare system, som skal erstatte rotet til dei som slutta.

I forteljingane om Støylsdal vil det vere mykje å kjenne att frå soger, segn og forteljingar frå det verkelege og kjende Setesdal, Skandinavia og Tyskland, ispedd satire av det som skjer i Setesdal og elles i den verkelege verda i dag.

Skisse av mystisk, mannleg sidefigur. (Treng hjelp til ferdig teikning.)

Kom gjerne med innspel til kva du ønskjer å ha med i eit setesdalsinspirert dataspel eller teikneserie.

Tekst: Targeir Attestog

Oppdatert 2. desember 2018

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *