Vassgard

ei kjent, men annleis verd

Det fyrste spelet til Spelgarden skal ha hovudtittelen Vassgard, som er namnet på planeten der mange av spelforteljingane til Spelgarden skal gå føre seg. Fyrst storspel er eit spiondrama i bygdemiljøet i Støylsdal i Søreg, på den sørlege halvkula av Støylsdal. Forventa lansering er i 2021.

Tekst: Targeir Attestog

Teikningar: Alex Siddy

Vassgard skal bli ein serie med eventyrspel sett til ein annan planet, der både vanlege menneske og huldrer finst (kjent frå norske folke-eventyr). Huldrer har som kjent hale, og den kan dei i Vassgard-universet bruke som antenne til å sende tankar mellom kvarandre med opp til ei mils rekkevidde med fri sikt. På Vassgard har for lengst gått inn i den digitale tidsalder, og utviklinga har til og med passert det teknologiske nivået i vår verd. Huldrer kan no kople seg trådlaust på datanettverk for å sende tankar over enda lengre strekningar.

Årid Istjønn, fjellrevhulder, tidlegare etterretningsagent, ein av to moglege styrbare figurar i spelet som går inn i rolla som assisterande datasikkerheitssjef i fiktive Rugland kommune.

I historia til det fyrste spelet blir administrasjonen til Rugland kommune i dalen Støylsdal i Søreg (samsvarar omtrent Bygland/Setesdal/Noreg i vår verd) utsett for mystiske data-angrep som får tilsette til å gløyme ting eller hugse ting som ikkje har skjedd. Det er då opp til den nytilsette datasikkerheitsanalytikaren Årid Istjønn (fjellrevhuldrekvinne) eller Horst Schreiber (halelaus mann frå Øvreland, som samsvar Tyskland) (spelaren kan velje kven han/ho vil spele som) å etterforske angrepa med dataprogram for angrepsanalyse, med utspørjing av offer og vitne, og med leiting etter spor på fysiske steder i nærområdet. Etter kvart i spillet blir hovudpersonen flinkare til å lese andre sine tankar og utføre andre former for analyse, og oppdagar då fleire og fleire spor, som ein kan håpe på at fører til at personane som står bak angrepa, blir tekne.

Monen Monen, ekornhulder, datasikkerheitssjef i fiktive Rugland kommune

Historia kan ta ulike vendingar avhengig av kva for val som spelaren tek for hovudpersonen i spelet. Utvikling av sosiale og tekniske evner, som er simulert i spelet, er då viktig.

Spelet har to store tema:

  1. Det å føle seg noko utanfor i lokal kultur når ein flyttar til eller flyttar tilbake til ein stad.
  2. Datasikkerheit er viktig. Det blir i forteljinga illustrert noko karikert i ei science fiction, men likevel skremmande realistisk.

Spelet skal etter planen kome ut på PC (Windows, Mac, Linux) og mobil og nettbrett (Android, iOS), og kanskje også spelkonsollar som Nintendo Switch og Sony Playstation 4. Lansering er forventa å bli ein gong i 2021.

Offentleg framvising av spelet

Det ventar seg no ein spennande månad for Spelgarden:

Onsdag 10. april omkring klokka 20 er det intervju i Valle Radio, som ein kan lytte til på FM i Nord-Setesdal og elles på nettradio her:
http://valleradio.com/nettradio/

Torsdag 11. april omkring klokka 20 er det presentasjon av speldemo på stadnamnkvelden til Bygland Mållag, etter at Sylfest Lomheim har prata om stadnamn. Facebook-hending er å finne her:
https://www.facebook.com/events/332967017339536/

Det vil også vere eit par arrangement i Kristiansand i månadsskiftet april/mai. Meir info om det kjem når samarbeidspartnar har laga Facebook-hendingar for det.

Vel møtt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *